Chyggete fårtællinger

Kvifor trur alle kjendiser at dei har talenter dei ikkje har?

Mange tykkjer at avstanden mellom musikk- og filmbransjen er liten. Mange musikere trur at, “Hey, eg har stått på scene, eg kan synga, eg kan lata som om eg lagar musikk fordi eg likar det og ikkje fordi eg elsker penger, så kvifor kan eg ikkje spela i ein film?” Det er tydeleg at dei sjølve trur at dei er gode skodespelarar. Men kvifor lar regissører folk som Britney Spears, 50 Cent eller Eminem, eg bryr meg ikkje ein drit om 8 Mile fekk bra kritikk, eg hatar den filmen med kvert fiber i min kropp, få prøva seg på storskjermen?

Pengene styrer ikkje livet ditt, det vil eg ikkje påstå, men dei styrer uten tvil Hollywood og filmindustrien. Om ein regissør ikkje lager ein film, tener han ikkje penger. Om han ikkje har talent, må han skaffa populære personer, som folk likar. Eller, som folk med penger likar. Tenåringer har penger. Tenåringer har dårlig smak, med mindre dei er kule. Eg er litt av ein hykler.
Så, om ein regissør ikkje har talent, og ikkje har råd til dei beste skodespelarane, og veit at han ikkje kjem til å vinna noko med gode skodespelarar som ikkje er på A-lista, kva gjer han/han? Skaffer seg ein dårlig skodespelar som er kjent og drar inn masse penger på ein heilt anna karriere.

Møt Shady Talez, eller Chyggete fårtællinger, som eg så fint har oversatt den til. Namnet på filmen er illevarslande nok. Det at Eminem er i hovudrollen framkaller brekninger i meg. Det at filmen skal vera i 3D gir meg sjølvmordstanker. Det at den blir samanlikna med The Twilight Zone og Creepshow gjer meg forbanna.

Det kan godt vera at nokon av dykk ser fram til å se Frøken Babyface som hovudrolleinnehaver ein 3D-splatterskrekkfilm hvis namn oversettes fritt til Chyggete fårtællinger. I så tilfelle føler eg med dykk. Eg kan alltids håpa på at dette blir ein suksess, som Dogma (kven skulle tru at Alanis Morissette skulle vera så god), men eg tviler.

Gi Kudos til denne saken!

Skriv et svar